Ser Elise har begynna ein liten diskusjon om nynorsk, så eg fekk veldig lyst til å koma med eit lite innspel her, og vel, litt for moro skyld, å skrive på det opphavlege skriftmålet mitt som faktisk er nynorsk.
Eg er oppvaksen i ein nynorskkommune, og har hatt nynorsk som hovudmål hele grunnskulen, utan å få noko varige mèn av det. Kjenner derfor at eg blir ei smule provosert når eg ser argumentasjonar om at det får vere nok å lære norsk, om ein ikkje skal prakke på elevane nynorsk i tillegg!(Her meiner eg generelt i diskusjonar, ikkje nødvendigvis det de har skrive her!) :-)
Eg meiner at det kan vere fort å gløyme at for mange elevar er det faktisk nynorsk som ligg nærast deira eiga dialekt, og at det ikkje nødvendigvis er valet av hovudmål som er det største problemet i språkopplæringa. Men eg er enig i at delar av det nynorske skriftspråket kan vere på grensa til å vera uforståeleg, til og med for folk som er oppvekse med målforma. Sjølv om det kjem fleir og fleir klammeformer for ord er det mykje ”gamalt” språk som heng att, spesielt i lærebøkar. Eg meiner at dette kan vere eit større problem enn sjølve skriftspråket i seg sjølv. Når det da i tillegg kjem lærarar med ei negativ innstilling som bare må koma igjennom dette er det ikkje rart at nynorsk får eit dårleg rykte, og rett og slett blir noko herk både for elevar og lærarar.
Men er det eigentleg så stort problem å kombinere både nynorsk og bokmål? Er det eigentleg nødvendig å fokusere på om ein har bokmål eller nynorsk i ein time? Har erfaring frå praksis på ein skule som i utgangspunktet er ein ”nynorskskule”, men med stor grad av elevar med bokmål som hovudmål. Dette blir bl.a. løyst med at timeplanar og liknande blir skrivne annakvar veke på bokmål og nynorsk. Eg trur faktisk ikkje at fleirtalet av elevane på denne skulen tenker over om det er nynorsk eller bokmål denne veka… Det eg meiner med dette er at til meir ein problematiserar og framhevar temaet, dess meir vil folk henge seg opp i det og lage eit (kanskje) større problem ut av det enn det treng å vere. Diskusjonen i forhold til framandspråklege og evt. andre behov for tilrettelegging skal eg ikkje gå inn på her…
Men eg er heilt klart enig i at opplæringa i nynorsk er altfor dårleg på lærarskulen, og eg skjønnar godt at det dermed er eit stort problem for lærarar å undervise i nynorsk på grunnlaget av eventuell nynorskopplæring på barneskulen i tillegg til den minimale, og dårlege, opplæringa i lærarutdanninga.
Det er heilt klart at bokmål er det dominerande skriftsspråket i Noreg, og eg merkar godt at det er vanskeleg å halde på nynorsk som skriftsspråk sjølv for ein garva bøhering. Men eg meiner at det er desto viktigare å klare å integrere både nynorsk og bokmål i skulen, og kanskje fokusere på korleis ein skal gjere dette i staden for å klage på at det er som det er.
Som ein liten digresjon til slutt vil eg fortelje ei lita historie frå flyplassen på Grand Canaria for ein del år sidan:
Eg var med familien min på ferie (alle pratar bømål), og me sto i kø på flyplassen på veg heim. Framfor oss i køen sto det ei pen Oslo-dame med jentungane sine, alle med passa klare i handa. Frå den eine jenta kom det; Mamma, hvorfor står det både Norge og Noreg på passet? Mora sender bondeknølane bak i køen et laaaaangt blikk og svarar; Jo, du skjønner det jenta mi, at enkelte bare må ha med Noreg også….
Vår nydelige sønn Aksel!
for 16 år siden
Jeg er så enig, så enig :) Veldig bra innlegg, Ingebjørg! Problemet er ikke nynorsken i seg selv, det er holdningene blant lærere - og dermed elever - ute i skolen som gjør det vanskelig å lære nynorsk.
SvarSlettJeg har ikke sett bloggen din før nå, veldig morsomt å se at vi har så mange like synspunkter. Det er bare fem minutter siden jeg selv la ut et innlegg om nynorsk, for de som leser begge kommer det til å se ut som jeg har stjålet en del poenger fra deg ;)
Hei Ingebjørg. Ja så er vi i gang med blogging. Det er faktisk ganske morsomt å se hvor flinke vi er blitt;-) Leser med stor interesse det du har skrevet om nynorsk i skolen. Jeg er enig med deg i at det er vanskelig å drive en god nynorsk undervisning dersom læreren og elevens innstilling til faget er negativ. I utgangspunktet er jeg "positiv-nøytral" til nynorsk undervisning i skolen (har grunnfag fra Bø, skjønner du), og er med på tanken om at nynorsk tross alt er det opprinnelige NORSKE skriftspråket. Samtidig sitter jeg med fortvilelse i blikket og ser på nynorsk stilbunken som skal rettes... Mye av fortvilelsen bunner ut i, som du nevner, alle de tillatte klammeformene. Jeg sliter ut ordlista for å finne ut om elevene har benyttet tillatt form eller ikke. Nei, utviklinga og moderniseringen av nynorsk har godt i en slik retning at jeg tror den snart har utspilt sin egen rolle. Dessverre. Kanskje vi burde kutte ut nynorsk som skriftspråk og heller satse på å lese nynorsk litteratur? Kjenner jeg føler meg ganske komfortabel med den tanken.
SvarSlett